![]() |
vs. | ![]() |
| |
|
Andre gong med Fagiano på berre nokre få veker! Idag vertar dei dei grønne gribbane frå hovudstaden. Kampen vert sendt opent og gratis på den japanske fjernsynsappen Abema, og rammen for sendinga tykkjer eg andre sportskanalar kan lære mykje av: Under dei tjue-tretti minutta opplading til kampen har dei ikkje noko studio med meiningslaust kokketerande banter, men klippar mellom statistikkar og klipp frå tidlegare kampar som illistrerar det kommentatorane snakkar om, og ellers visar dei berre klipp av tribunane. Coreo og tifoaer får god tid i fokus. Tommel opp for det. Okayamafansen har for anledinga tre tifobannere som dei får til å bølgje fram og tilbake, ramma inn av masse raude flagg. Bortehjørnet til Verdy hoppar taktfast opp og ned, med skjerfa høgt hevet i ein low-effort grønn mosaikk. Dei svære bannera som heng ned mot løpebanen lyder "NO VERDY NO LIFE".
Det første kvartetet er litt oppstykka, og det som kjem av sjanser vart stort sett avblåst for frispark like etter moglegheita. Okayamaspissen Lucao er eit beist i duellane, stor og sterk, og krev mykje for å stagge. F43 yoshitake tek eit godt løp inn i boksen og legg inn til Lucao, men pasninga får ein retningsforandring som får avslutninga til å gå høgt over.
Utanom ein tidleg heading over mål skapar Verdy ingenting. Fagiano får spelet inn i sitt spor, og jobbar seg ut på kantane for å slå innlegg mot Lucao. Slik kjem dei til fleire moglegheiter, utan uttelling.
Verdy ser ut til å vere litt meir med like etter pause, men etter nokre hjørnespark og eit par halvsjansar fall dei bak igjen. Okayama er gode i gjenvinningar høgt i banen.
Når Lucao vart teken av for Leo Gaucho i det 60nde minutt endrar Okayama sitt angrepspel karakter. I staden for høge innlegg og route one mot targetspiss kjem pasningane fortare, i rom og på fot mot bevegelege Gaucho i bakrom. Verdyforsvaret verkar ikkje førebudd på endringa, og første angrep etter bytet endar med ein kjempesjanse til Okayama der Leo Gacho skyt like til side for mål frå skrått hald.
På overtid får Leo Gaucho nok ein stor sjanse på liknande vis, men tyske Lennart Moser i Verdy-målet får redda til corner på mesterleg vis. Hjørnesparket vart også ein farleg halvsjanse, der Verdyforsvaret såvidt klarar å halde motstandarane unna å få ein fot på innlegget som får sprette fritt ein gong på femmeteren.
Kampen ebbar til slutt ut i 0-0, og eg byter kanal til J2-kampen mellom Sagan Tosu og Tochigi City. Der har nemlig Tokmac Nguen nett snudd kampen for bortelaget, som nå leder 2-1 på Saga sin stadion. Han vert byta ut etter 66min, og får dermed ikkje noko hattrick. Sagan Tosu er forresten ex-klubben til Fernando Torres og har fleire år i J1.

