![]() |
vs. | ![]() |
| |
|
Ein mørklagt nasjonalstadion, proppet full av over 50000 syngende fans, plutselig blenda av fyrverkeri og lysshow. FC Tokyo og JEF må kunne kallast eit slags lokaloppgjer, med drøye 5 mil i luftlinje mellom heimebanane. Nyopprykka JEF har ambisjonar om å sloss for å overleva i øverste divisjon, men har starta sesongen trått med to tap utan å score eit einaste mål, medan FC Tokyo har vore karakteristisk ustabile, med eit skuffande stortap mot Machida og eit positivt uavgjortresultat mot Vissel Kobe.
Under kveldsregnet i Tokyo vart banen til våtmark å rekne, noko som kan tale til fordel for JEF som likar å spele meir direkte i oppbygginsfasen. Kobiyoshi Yoshiyaki sine menn i gult får tidleg etablert seg høgt i banen med nokre lange innkastvariantar, som FC Tokyo har få problem med å handtera. Første sjanse kjem til Marcelo Ryan etter ein smart gjennombruddspasning, men han klarar ikkje stokke om beina og fyre FC Tokyo i leiinga.
Etter denne sjansen tek "heimelaget" meir styringa, og har fleire brukbare moglegheitar, blant anna på eit frispark både vunne og tatt av Alexander Schulz. Den danske midstopparen har ein eigen evne til å trekke langt opp i banen som alternativ når dei står høgt mot etablert forsvar, og har ein dugeleg pasnings- og innleggsfot.
JEF-målvakt Suarez må ut i full strekk for å slå langskuddet til ut til hjørnespark halvvegs i omgongen, men så skal dommar ha hydration break. Det verker litt merkeleg i det no nokså valdsamme regnet.Rett før halvtimen spelt er JEF United frampå med si moglegheit, men etter framspelet til Erison går chippen til ... i tverleggaren og ut. Utanom denne store sjansen er det FC Tokyo som dominerar ballinnhav og sjansestatistikkar.
Omgangen største sjanse kjem til som totalt bommar på ballen foran opent mål, etter at den vart dempa på brystet for ham forbi keeper av ein lagkamerat. Like før bommen fekk han også eit gult kort. Mot slutten av omgongen peprar FC Tokyo målet til JEF United med store sjansar. Homma Shion er mykje involvert, på begge sidar av fleire innleggssituasjonar, men utan gevinst.
Andre omgong gjeng nokonlunde likt. Den regntunge grasmatta gjer småspel vanskeleg, men FC Tokyo er dominante på ball og tålmodige nok til å stadig finne opningar i JEF-forsvaret, sjølv utan mål. JEF er ein sjelden gong oppe på ein kontring, men får seg ikkje i nærleiken av like mange eller like gode sjansar, fram til Erison plutdelig finn gjennom åleine med FC Tokyo sin keeper. Skotet gjeng diverre for Chiba langt til side for mål.
Med ein halvtime igjen å spele får Marcelo Ryan skyte upressa frå innsida av sekstemeteren til JEF, men igjen står Suarez fram med ein kjemperedning.
Etter ein serie med sjanser, redningar og heroiskr blokkeringar sitt ballen endeleg i nettet for FC Tokyo. klemmar til på halvspretten omtrent frå straffemerket, og limer ballen inn nede ved den høgre stolpa til Suarez. Det er spelt 72 minutt.
Sjansane fortsett å kome FC Tokyo sin veg, og like før slutt finn hovudet til portugalproffen som stangar ballen inn forbi ein utrusande Suarez. Kampen endar 2-0, fortent heimesiger til FC Tokyo. JEF United må heim og slikke såra, og fortsette leitinga etter første poeng for sesongen.

