vs.
Kashima Antlers
Nagoya Grampus

To gigantar brakar samen denne laurdagsformiddagen. Hunden er lufta og kaffikoppen fylt.

Sjølv om det er ein stund sidan sist Nagoya Grampus vann noko, har dei betydeleg fleire stjernar over logoen enn motstandar i dag. Kashima Antlers har sin eigen suksessrike historie, også i nyare tid. Det er heimelaget Antlers som startar best, og er tidleg frempå med eit skot frå brasilianske Yan Matheus, men Nagoyakeeperen redder. Streamen manglar lyd første 20 minuttane, og rett etter lyden kicker inn skjer det: Yan Matheus finn sin landsmann Leo Céara med eit perfekt innlegg, og Ceara får nikke ballen upressa mot mål, med en slik kraft og presisjon at Pisano ikkje har sjans på å stoppe han. 1-0 Antlers! Det røde og blå folkehavet på tribunen klappar og hoppar taktfast og syng ein lokal variant av Living on a prayer med Bon Jovi.

Etter drikkepausen kjem plutselig Nagoya fram på kant, og eit lågt innlegg finn Yamagishi på første stople. Lysluggen med pannebandet fyrar til på første berøring, under press frå forvarar, men skotet går rett i stolpa og ut. Kashima får klarert til corner, som ebber ut i ein ufarleg kort variant frå Grampus.

Etter leiinga holder Kashima en del på ball, og varierar på kor mykje risiko dei spelar på seg. Nagoya får kome seg til sjansar, stort sett ved å utnytje hastigheiten til kantane, særleg på venstre. Eit nytt godt innlegg frå venstre vert ein ny moglegheit for gjestane, men Fuji nikker over mål. Generelt ser Nagoya ut til å mangle litt på presisjon i frispelinga si, og Kashima ser rimeleg komfortable ut mot slutten av første omgang. Når dei ein sjelden gong vert spelt låge av Nagoya ser det ut til at dei går tomme for kreativitet og initiativ, og det endar med fantasilause langskot eller ballmist gjennom midten.

Resultatet ser greit ut til pause for heimelaget, men dei vert noko svekka då Yan Matheus må av på båre etter ein uheldig strekkskade, og kaptein Yuma Suzuki får eit fortent gult for ein risikabel sklitakling. Det er det andre gule på like mange kampar for den notoriske uromakaren, denne Antlers-talismanen.

Andre omgong byrjar med eit gult kort til målscorar Leo Céara og eit Nagoyalag som ser noko meir skjerpa ut. Etter kvart kjem Nagoya-innbyttar Matheus gjennom og utliknar, men det vart avvinka for offside.

Dramatisk slutt.