Her kjem eit kampreferat av Cerezo Osaka mot Fagiano Okayama, som eg skreiv i forbinding med at eg såg denne kampen i opningshelga til den nye 2026/27-sesongen. Innlegget inkluderar også nokre tankar om enkelte andre kampar frå same runde.
vs.
Cerezo Osaka
Fagiano Okayama

Endeleg sesongstart! Dortmund og Manchester United-helten klar frå start for moderklubben Cerezo, i ein alder av 37. Fagiano Okayama tenker eg enno på som eit nyopprykka lag i J1, men dei har både overlevd ein ordinær sesong og spelt den merkelege halvårsesongen våren som var. Dei gjorde god figur i mellomsesongen, og endte midt på tabellen i vest-gruppa. Til samanlikning kom heimelaget Cerezo på andre i same gruppe, men det skal ein ikkje legge for mykje vekt på. Cerezo har slitt i seinare år, og det er ikkje så mykje som tyder på at dei skal komme noko særleg høgare enn midt på tabellen i år.

Cerezo kan vere fulle av sjølvtillit etter å ha vunne 1-0 i siste treningskamp over Borussia Dortmund, men det er oppkomlingane frå Okayama som er best frå start denne laurdagen. Etter at Cerezo får ein god, men redda sjanse avblåst for offside gjeng Fagiano rett i strupen på dei, og det tek ikkje mange minuttane før må i aksjon for å redde Cerezo. Dei rosa frå Osaka slit fælt med å stagge Fagiano, som kjem til fleire småsjanser tidleg. Så, etter åtte minutt, får vingback Noah Kenshin Browne stå litt for fritt i boksen etter eit vedvarande trykk mot Cerezo-feltet - eit innlegg nikkast ned mot ham, og han hamrar inn ein volley frå kloss hold. 0-1, bortelaget frå Okayama i leiinga! Eit historisk første ekte J1-mål for Fagiano.

Kampbilete fortsett i omtrent same dur - Cerezo er unøyaktige og udyktige i framspelet, og Okayama treff med press og kontringar utan å skape dei aller største sjansane. Så er det med ett som at noko forandrar seg, når langpasningane til Cerezo plutseleg byrjar å sitte. I det nittande minutt slår høgreback ein utsøkt pasning i bakrom, som Cerezo-spissen elegant sett høgt ved næraste. 1-1! Assisten skapar verkeleg dette målet, det opnar heile Okayama-forsvaret og landar perfekt inn i løpsbanen til Sakuragawa.

Like etter er dei frampå igjen, Cerezo. Dei slår direkte langt opp i banen, Sakuragawa vinn duellen, og ballen landar hos Kagawa som sendar ballen ut til på venstrekanten. Han tek eit par touch og førar ballen opp til kanten av sekstenmeteren, før han fyrer av eit flott langskot. Og vipps var kampen snudd på fire-fem minutt!

Laga går til pause på stillinga 2-1

I andre omgong har gjestane ballen meist, i kampen om utlikning. Begge lag har eit par sjansar, men dei er få og av for låg kvalitet til at det vert noko av dei. Generelt ikkje ein veldig publikumsvennleg kamp, dette. Typisk at det var denne det passa for meg å sjå, etter at begge opningskampane i går vart vanvittige oppvisingar i spenning, kort, og dramatiske opphentingar... Kashima Antlers snudde frå 3-2 til 3-4 siger borte mot Yokohama F-Marinos med to mål av Cavric i 99nde og 102dre minutt, medan Urawa Red Diamonds fekk ein tidleg utvising borte mot Gamba Osaka. Etter å ha lege under 2-1 fram til det 80nde minutt snudde Urawa kampen med to mål på to minutter, trass dei berre var ti mann, for så å sleppe inn to ytterlegere mål heilt på tampen og tape 4-3.